Bjørg G. Hovland () er ein norsk bunadprodusent. Ho er frå Luster. Hovland har rekonstruert fleire eldre draktplagg i indre og midtre Sogn, mellom anna har ho bygd på bilete av nasjonalromantiske kunstnarar som Johannes Flintoe og J.C. Dahl.

Hovland syr bunader, har halde kurs i bunadssaum og om hovudplagg, og ho har skrive artiklar i fagblad og bøker om bunader.

I 2014 gav Hovland ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn» (Skald Forlag). Ho er tildelt «Gullnål med Diplom» frå Norges Husflidslag, og ho fekk Luster kommune sin kulturpris i 1996.

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Om Bjørg G. Hovland i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Luster