Melkisedek var ifølgje Bibelen ein konge som levde på Abraham si tid.

Melkisedek blir omtalt som konge og prest i Salem, som seinare blei til Jerusalem. Han gav Abraham ei signing etter sigeren over fire kongar som hadde teke Lot til fange.1. Mos 14

I Salmane heiter det: Herren har svore og angrar det ikkje: «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»Salmane 110:4

I Det nye testamentet blir det sagt at Jesus skal vera prest «prest av same slag som Melkisedek».Heb. 7:13-17 mini|venstre|Møtet mellom Melkisedek og Abraham måla av Dieric Bouts den eldre i 1464-1467. Hos Dei siste dagars heilage blir ein del av organisasjonen kalla Melkisedeks prestedøme. Melkisedeks prestedøme blir rekna for prestedømet etter sonen til Gud sin orden som israelittane ikkje fekk del i, men som har er blitt gjenoppretta for dei kristne. Alle verdige menn blir innvigde til dette prestedømet etter først å ha vore innvigd til Arons prestedøme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Melkisedek» frå , den 22. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

Kasper Dalgaard: Melkisedek - præstekonge, ærkeengel og ludersøn

Kategori:Personar i Bibelen