Bjørn Rongen () var ein norsk forfattar som skreiv både romanar for vaksne og barnebøker, fødd i Evanger i Hordaland. Han var ein av dei folkelivsskildrarane i mellomkrigstida som tok opp aktuelle samfunnsproblem. Som forfattar utmerkte han seg som ein flink forteljar med gode miljøskildringar og effektiv spenningsoppbygging. Bøkene hans har folkeleg appell, sosialt perspektiv og ofte ein satirisk snert. Han gav ut bøker både på nynorsk og seinare mest på bokmål. Rongen, som budde i Drøbak, var orientert mot kulturradikale tankar og påverka av psykoanalysen.

Liv og gjerning Rongen var son til ein handelsmann og gardbrukar i Evanger, og har i fleire av bøkene skildra vestnorsk bygdeliv med både innleving og kritisk distanse. Etter eksamen artium ved Voss landsgymnas 1929 reiste han til Oslo for å studere teologi ved universitetet, Han studerte faget ei kort tid, men braut snart av studiane og valde kritikar- og forfattarbana i staden. Med unnatak av eit par korte engasjement som avisredaktør levde han seinare som skribent.

Rongen kom med si fyrste bok i 1934, To semester. Boka er ein satirisk roman om teologistudentar i Oslo. Embetsfolk skildrar dei same studentane etter endt eksamen i konfrontasjon med eit intolerant bygdemiljø. I romanen Stille smil frå 1936 gjev han eit bilete av krisa i jordbruket på 1930-talet, og korleis nokre bondeungdomar vert drivne over mot Nasjonal Samling. Boka syner korleis eit miljø kan bidra til å utvikle reaksjonære haldningar hos unge menneske som fell utanfor. Det er eit dystert bilete av eit kriseråka bygdesamfunn der bøndene slit med gjeld, arbeidsløysa er høg og grorbotnen for fascistiske sympatiar tilsvarande rik. Hausten 1940 gav han ut Nettenes natt, som i allegorisk form skildrar det tyske overfallet på Norge.

Etter verdskrigen kom ei rekke nye romanar og novellesamlingar av ulikt slag. I 1946 gav Rongen ut tre bøker, romanane Hun møter deg alltid og Kristin og novellesamlinga Tolv liv. Her viser han seg frå ein ny side, især i novellene, der det er kvinner som spelar hovudroller. Samlinga vitnar om at Rongen beherska novelleforma vel så godt som romanforma. Seinare kom han med to samlingar til, Kvinnen og pisken og På kant med loven. I tillegg bidrog han flittig med noveller til vekeblad og liknande publikasjonar. Rongen var også ein produktiv novelleforfattar, og bidrog med mange noveller til Arbeidermagasinet – seinare Magasinet for alle.

Hovudverket til Rongen er romantrilogien Toget over vidda, I jøkulens skygge og Klart for tog frå 1956-58. I uppdalsk ånd skildrar han rallarane som bygde Bergensbana og konfliktane mellom dei og bygdefolket. I fyrste bandet syner han miljøet før bana vart bygt og den første anleggstida. Den andre fylgjer arbeidet med å bygge bana. I den tredje er arbeidet sluttført, og Rongen gir eit dystert bilete av arbeidsløysa som følgjer. Verket er stoffrikt og engasjerande, samtidig som det ber fram ein sterk kritikk av eit samfunn som skaltar og valtar med arbeidsfolk. Av dei seinare romanane til Rongen skil den prislønte romanen Store Ma seg ut.

Rongen brakdebuterte som barnebokforfattar i 1953 med Bergteken i Risehola, og vann både ein forlagskonkurranse og Kyrkje- og undervisningsdepartementets pris, ei bok som den leiande kritikaren Sonja Hagemann omgåande utropte til ein klassikar. Boka er velkomponert med ei rammeforteljing: Ei bestemor fortel til ei gruppe born soga om gjetarguten Ola som saman med buskapen vert sperra inne i ei hole etter eit steinras. Bestemor si forteljing strekker seg over fire kveldar, og denne disposisjonen gjorde verket veleigna til dramatisering i Laurdagsbarnetimen. Bergteken i Risehola vart ein stor suksess, også internasjonalt, og høyrespelet nådde ut til eit stort publikum i Noreg, mykje takk vere dei mange framføringane i laurdagsbarnetimen i NRK radio. Som barnebokforfattar byggjer Rongen på eldre tradisjonar, samstundes som han bringer inn nye element, som kronologi-brot og hyppige synsvinkelskift. Til dei beste og mest kjende barnebøkene hans høyrer òg Anne Villdyrjente, 5 døgn på isfjell og Slalåm for livet.

Fleire av barnebøkene er omsett til språk som dansk, finsk, svensk, islandsk, polsk, engelsk, tysk, nederlandsk, afrikaans og tsjekkisk. Dessutan er romanen Store Ma omsett til russisk og Nettenes natt til dansk, svensk og tysk.

Rongen var ein aktiv foreiningsmann med ulike verv. Under verdskrigen var han styremedlem i Forfatterforeningen, og seinare var han mellom anna medlem av det faglege rådet for barne- og ungdomslitteratur.

Bibliografi Romanar To semester, 1934 Embetsfolk, 1935 Stille smil, 1936 Det drar ifra vest, 1939 Nettenes natt, 1940 Hun møter deg alltid, 1946 Fager er lien, 1948 Kunnskapens tre, 1949 Driftekarens høst, 1951 Ragnhilds rike, 1955 Toget over vidda, 1956 I jøkulens skygge, 1957 Klart for tog, 1958 Store Ma, 1960 Neimen Johanne, 1962 To semester, 1966 Kirstin : en kjærlighetshistorie, 1971

Noveller Tolv liv, 1946 Kvinnen og pisken, 1953Barnebøker Bergteken i Risehola, 1953 Gurigullet på hurtigtoget, 1954 Anne Villdyrjente, 1956 Den store opprøreren, 1957 Utvandrergutten : Knute Nelsons saga, 1959 Slalåm for livet, 1961 De hemmelige flyktningene, 1962 Fem døgn på isfjell, 1964 På kant med loven, 1964 Den store brannen, 1967 Ola den heldige, 1970

Høyrespel Gjengen, 1954

Prisar og utmerkingar Melsom-prisen 1962

Kjelder

Norsk biografisk leksikon

Denne artikkelen bygger på «Bjørn Rongen» frå , den 23. desember 2016.

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Folk frå Voss Kategori:Folk frå Frogn