mini|Strukturen til ei teikoidsyre frå Micrococcaceae Teikoidsyrer er viktige komponentar i selleveggene og sellemembranane i dei fleste gram-positive bakteriane. I hovudsak er dei polymerar av glyserol-fosfat eller ribitol-fosfat med glykosyl- og D-alanyl-ester-restar feste til seg. Det finst to typar teikoidsyrer, veggteikoidsyre og lipoteikoidsyre, som skil seg ved kva molekyl dei er feste til. Lipoteikoidsyre er fest til den cytoplasmatiske sellemembranen gjennom eit glykolipidanker, medan veggteikoidsyre er fest til peptidoglykan gjennom ei disakkarideining.
Teikoidsyrer er vortne identifiserte som reseptorar for bakteriofagar.
Kjelder
Kategori:Organiske syrer