mini|Gram-farga gram-positive bakteriar (lilla) og gram-negative bakteriar (farga rosa) mini|Enkel skisse over selleveggoppbygginga til gram-positive bakteriar mini|Samanlikning av selleveggene til gram-positive og -negative bakteriar
Gram-positive bakteriar er bakteriar som held på den blå fargen ved gramfarging. Dei skil seg frå gram-negative bakteriar på selleveggene. Selleveggene til gram-positive bakteriar har eit peptidoglykanlag som er mykje tjukkare (20–80 nanometer) enn det som gram-negative har (< 10 nm), og det er bygt opp av fleire lag. Gram-positive bakteriar har heller ikkje ein ytre sellemembran slik som gram-negative bakteriar har.
I selleveggene og sellemembranane til dei fleste gram-positive bakteriane er teikoidsyrer viktige komponentar.
Kjelder
Andre kjelder:
Kategori:Bakteriar