Ralph Harold Boston () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Laurel i Mississippi, som vart olympisk meister i lengdehopp i 1960 og seinare vann OL-sølv i 1964 og OL-bronse i 1968. I tida 1960-65 sette han fem verdsrekordar i øvinga og tangerte gjeldande verdsrekord ein gong.

Aktiv Den 12. august 1960 sette Boston i Walnut ny verdsrekord med eit lengdehopp som målte 8,21 meter, og sletta dermed den 25 år gamle verdsrekorden til Jesse Owens. Vel tre veker seinare vann han den olympiske gullmedaljen i lengdehopp under Sommar-OL 1960 i Roma, etter å han nådd 8,12 m, ein centimeter lengre enn landsmannen Bo Roberson. Seint i mai 1961 flytta Boston verdsrekorden til 8,24 meter under eit stemne i Modesto, og la på ytterlegare fire centimeter då han sigra i øvinga i ei tevling i Moskva i juli månad.

Sommaren 1962 vart Igor Ter-Ovanesjan frå Sovjetunionen verdsrekordhaldar etter eit hopp på 8,31 meter. I august 1964 tangerte Boston den rekorden i Kingston på Jamaica, før han ein månad seinare sette ny verdsrekord med 8,34 meter i Los Angeles. Ved dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo kneip Boston sølvmedaljen i siste omgangen, noko overraskande slått av briten Lynn Davies, men framom sin vanlegvis sterkaste konkurrent, Igor Ter-Ovanesjan.

Boston sette sin siste verdsrekord og gjorde sitt lengste hopp i Modesto i mai 1965, då han landa på 8,35 meter. Tre år seinare kompletterte han medaljesamlinga med ein bronsemedalje under Mexico-OL 1968, der landsmannen Bob Beamon vann etter eit utruleg hopp som vart målt til 8,90 meter, og samstundes sletta Boston sin tre år gamle rekord.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ralph Boston» frå , den 14. mars 2017. World Athletics

Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968