Adolf Fridtjof Lindvik () var ein norsk rettslærd, professor ved Universitetet i Oslo frå 1926.

Lindvik var son til ein landhandlar i Saugesund i dåverande Dypvåg herad, no Tvedestrand kommune. Han tok examen artium ved latinlinja på Ragna Nielsens skole Kristiania i 1909 og vart cand.jur. frå universitetet i 1917. I tida 1919-21 studerte han rettsvitskap i Paris og Leipzig, og tok den juridiske doktorgraden i 1924 med ein avhandling om «Prætors rettsskapende virksomhet». Han var den fyrste norske juristen som tok doktorgraden på eit emne frå romarretten.

I 1926 vart Lindvik utnemnd til professor i rettsvitskap på Universitetet i Oslo, med romarrett som spesialfelt. Fagområdet hans vart seinare utvida til rettshistoria gjennom antikken.

I 1942 sat Lindvik fengsla i fangeleiren Grini frå 14. april til 18. august. Han omkom då eit rutefly på veg til Helsinki styrta ved Snarøya i Bærum den 22. mai 1946.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske jusprofessorar Kategori:Folk frå Tvedestrand