Halvor Sverre Nordbø () var ein norsk landbruksmann frå Vrådal i Telemark.

Nordbø gjekk både landbruksskule og småbruksskule i ungdomsåra. Sidan tok han eksamen ved jordbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule. Åra 1936-39 underviste han på Telemark landbruksskule og Valdres landbruksskule. Deretter var han fylkesagronom i Vestfold og Telemark fram til 1948. Han fekk då stilling som professor i bygningslære på NLH. Nordbø skreiv mykje om driftsbygningar i landbruket og presenterte forsøksmeldingar i i fagtidsskrift.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norsk landbruk Kategori:Folk frå Kviteseid Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule