Rawdat Rashed er ein landsby i Qatar i kommunen Al Rayyan. Grensene vart fastsette i 1988. Han brukte å vere ein del av Jariyan al Batnah kommune før denne kommunen vart slått saman med Al Rayyan. Grotta Dhal Al Misfir ligg i dette området. Landsbyen har kring 6 000 innbyggjarar.
Industri Området har ei av dei største grunnvasskjeldene sør i landet. Det vart oppretta eit statleg brunnfelt i området, og dette vart tidlegare nytta som vasskjelde for sementindustrien i Umm Bab.
Rawdat Rashed er ein av dei tre store fyllplassar i landet, og vert hovudsakleg nytta for avfall frå bygg- og anlegg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rawdat Rashed» frå , den 31. mars 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Al Rayyan