mini|Hatshepsut-obelisken i Karnak. Obelisk (frå gresk obeliskos, 'steikespyd, steinstøtte', ei diminutivform av obelos, 'spyd') er ei frittståande, høg og slank søyle med kvadratisk tverrsnitt som smalnar oppover og som regel ender i ein pyramideforma spiss.

Obeliskar var mykje brukt i det gamle Egypt, særleg som symbol for solguden Ra. Under Romarriket blei mange av dei tekne til Roma, og på 1800-talet blei nokre av dei henta til Paris, London og New York.

Opphavleg blei obeliskar hogne ut av éi steinblokk som monolittar. Dei største er ca. 20–30 m høge. Materialet var mest raudgranitt, truleg fordi dette steinslaget er svært haldbart, og fordi raudfargen var fargen til sola ved soloppgang og -nedgang. Obeliskane hadde gjerne hieroglyfinnskrifter.

Moderne obeliskar mini|Obelisken ved Washington-monumentet i USA er verdas høgaste på 169 meter. Frå renessansen av er obelisken blitt eit merke på monumental arkitektur. Dei har særleg vore vanlege ved gravstader og som minnesmerke.

Nokre kjende døme er:

Stowe School i Buckinghamshire – General Wolfe's Obelisk, 1754. Chesma Obelisk i Gatchina, 1775 Rumyantsev-obelisken i St. Petersburg i Russland, 1799. Villa Medici i Roma – ein kopi frå 1800-talet av ein egyptisk obelisk Villa Torlonia i Roma – to obeliskar reist i 1842. Patriots' Grave i Old Burying Ground i Arlington i Massachusetts i USA (1818). Bunker Hill Monument i Charlestown i Massachusetts – bygd mellom 1827 og 1843, den første monumentale, offentlege obelisken reist i USA. Bennington Battle Monument i Bennington i Vermont i USA. Washington Monument i Washington D.C. i USA blei bygga mellom 1848 og 1888 og avduka i 1907. Han måler 169,29 meter og er verdas høgaste. McKinley Monument på Niagara Square i Buffalo i New York i USA. William Dudley Chipley Memorial på Plaza Ferdinand VII i Pensacola i Florida i USA, avduka i 1901. Chalmette Monument i Chalmette i Louisiana i USA, reist til minne om slaget om New Orleans, avduka i 1908. Foro Italico i Rome (ved Lungotevere Maresciallo Diaz) – obelisk reist i 1932 for å æra Mussolini. Obelisken i Buenos Aires i Argentina – bygd i 1936. Demidovsøyla i Barnaul i Sibir i Russland. Sigersobelisken i Moskva Abolition-parken i Ponce i Puerto Rico. Wellington Monument i Phoenix Park i Dublin i Irland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Obelisk» frå , den 17. mai 2017.

Bakgrunnsstoff

Litteratur D'Onofrio, Cesare (1967): Gli obelischi di Roma, Rom Habachi, Labib & Vogel, Carola (2000): Die unsterblichen Obelisken Aegyptens, Mainz, ISBN 3-8053-2658-0 Wirsching, Armin (2013): Obelisken transportieren und aufrichten in Aegypten und in Rom, Norderstedt 3. utg., ISBN 978-3-8334-8513-8

Kategori:Minnesmerke Kategori:Søyler

Kategori:Greske ord og uttrykk Kategori:Monument og minnesmerke av stein