Mohadjirar (, , også skrive mahajir, mohajir og muhajir) er ei nemning for pakistanarar som kom til Pakistan frå India etter delinga av Britisk India og etterkomarane deira. Sjølv om dei kan ha ulike språk frå områda dei stammar frå, er dei hovudsakleg rekna for å ha urdu som morsmål.

Ordet mohadjir er opphavleg arabisk og tyder 'migrant'. I muslimsk tradisjon viser det til dei som følgde profeten Muhammed frå Mekka til eksil i Medina i 622.

Talet på mohadjirar i Pakistan var rapportert til rundt 10 millionar i 1998 ( urdutalarar), men estimert til 20 millionar i 2000-åra.Encyclopedia of the World's Minorities Mange av dei bur i byar som Karachi, Hyderabad, Lahore og i regionane Sind og Panjab.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Muhajir people» frå , den 26. mai 2017.

Kategori:Folkegrupper i Pakistan Kategori:Arabiske ord og uttrykk