Vierordenen (Malpighiales) er ein orden av blomstrande plantar. Han inngår i gruppa Eurosidae I i den omfattande gruppa Rosidae.

Både namnet og omfanget av familiar og slekter som høyrer til gruppa er noko usikkert. Under Cronquist-systemet 1981–1998 fanst det også ein eigen orden Rafflesiales med tre familiar, Hydnoraceae, Mitrastemonaceae og Rafflesiaceae, der sistnemnde no høyrer til i Malpighiales medan dei to første er plassert i lyngordenen (Ericales).

Ordenen er rekna for å ha rundt 39 familier med i alt 716 slekter og nesten 16 000 artar. Av desse har vortemjølkfamilien om lag 6 000 artar.

Medlemmer i Noreg Fleire av arteae i ordenen er representert i norsk og nordisk flora. Dei familiane og slektene som er representert, omfatter: Evjeblomfamilien (Elatinaceae) Evjeblomslekta (Elatine) Fiolfamilien (Violaceae) Fiolslekta (Viola) Perikumfamilien (Clusiaceae, Hypericaceae) Perikumslekta (Hypericum) Linfamilien (Linaceae) Linslekta (Linum) Pilefamilien eller vierfamilien (Salicaceae) Poppelslekta (Populus) Vierslekta (Salix) Vortemjølkfamilien (Euphorbiaceae) Vortemjølkslekta (Euphorbia)

Familiar, slekter og artstal Nedanfor er dei 39 familiene i ordenen lista opp. Familiar som ikkje er representert i Nordisk flora står i kursiv skrift. Achariaceae – 30 slekter, 145 artar Balanopaceae – 1 slekter, 12 artar Bonnetiaceae – 3 slekter, 35 artar Caryocaraceae – 2 slekter, 21 artar Centroplacaceae – 1 slekt, 1 art Chrysobalanaceae – 17 slekter, 460 artar perikumfamilien (Clusiaceae, Hypericaceae) – 40 slekter, 1 050 artar Ctenolophonaceae – 1 slekter, 3 artar Dichapetalaceae – 3 slekter, 165 artar Euphroniaceae – 1 slekt, 2 artar evjeblomfamilien (Elatinaceae) – 2 slekter, 35 artar fiolfamilien (Violaceae) – 20 slekter, 800 artar Goupiaceae – 1 slekt, 2 artar Humiriaceae – 8 slekter, 50 artar Hypericaceae = syn. Clusiaceae Irvingiaceae – 3 slekter, 10 artar Ixonanthaceae – 5 slekter, 21 artar kokafamilien – 4 slekter, 240 artar Lacistemataceae – 2 slekter, 14 artar linfamilien (Linaceae) – 10-12 slekter, 300 artar Lophopyxidaceae – 1 slekt, 2 artar Malpighiaceae – 68 slekter, 1.250 artar Malesherbiaceae – 1 slekt, 24 artar Medusagynaceae – 1 slekt, 1 art Ochnaceae – 27 slekter, 495 artar Pandaceae – 3 slekter, 15 artar pasjonsblomefamilien (Passifloraceae) – 16 slekter, 705 artar Phyllanthaceae – 59 slekter, 1.745 artar Picrodendraceae – 28 slekter, 100 artar pilefamilien eller vierfamilien (Salicaceae – 55 slekter, 1 010 artar Podostemaceae – 48 slekter, 270 artar Putranjivaceae – 3 slekter, 210 artar Quiinaceae – 4 slekter, 55 artar Rafflesiaceae – 3 slekter, 20 artar Rhizophoraceae – 16 slekter, 149 artar Trigoniaceae – 5 slekter, 28 artar Turneraceae – 10 slekter, 205 artar vortemjølkfamilien (Euphorbiaceae) – 240 slekter, 6 000 artar

Tidlegare blei familien Mitrastemonaceae også rekna med blant Malpighiales, men DNA-studiar har ført til at denne familien siden 2004 har vore plassert i ordenen Ericales.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malpighiales» frå , den 1. juni 2017.