«Green, Green Grass of Home» er ein countrysong skriven av Claude «Curly» Putman jr. og først spelt inn av Johnny Darrell. Songen vart først gjort populær av Porter Wagoner i 1965, då han nådde fjerdeplassen på country-lista.Porter Wagoner's «Green, Green Grass of Home» Chart Position Henta 23. juni 2017. Same året vart han sungen av Bobby Bare, og seinare av Tom Jones, i 1966, då han vart ein verdsomfattande hit. Songen hadde òg tidlegare på året blitt spelt inn av Jerry Lee Lewis, og gjeven ut på albumet Country Songs for City Folks og Jones hadde oppdaga songen gjennom versjonen til Lewis.
Teksten Ein mann kjem heim til barndomsheimen sin for det som verkar å vere første gongen sidan ungdomen. Då han stig av toget står foreldra hans der for å møte han, og hans elska Mary kjem springande mot dei. Alt er fred og fordrageleg og alle kjem smilande mot han og helsar på. Med Mary går mannen gjennom barndomsplassane sine. Det er «good to touch the green, green grass of home.» Likevel gjev musikken og teksten ei kjensle av sorg.
Brått byter mannen frå song til tale då han vaknar i fengsel: «Then I awake and look around me, at four grey walls that surround me. And I realize that I was only dreaming.» Han sit i røynda og ventar på dødsdomen sin, og at han vaknar opp frå drøymen den dagen han skal avrettastTom Jones, «The Green Green Grass Of Home» Video Henta 23. juni 2017. («there's a guard, and there's a sad old padre, arm in arm, we'll walk at daybreak»), og at han berre skal kome heim att for å gravleggast: «Yes, they'll all come to see me in the shade of that old oak tree, as they lay me 'neath the green, green grass of home.»
Tom Jones-versjonen Den walisiske songaren Tom Jones, som spelte på The Ed Sullivan Show i 1965, vitja Colony Records medan han var i New York City. Han spurte om dei hadde noko nytt av Jerry Lee Lewis, og han fekk det nye countryalbumet hans.
Joness vart imponert av denne songen, spelte han inn og gav han ut i Storbritannia i 1966. Songen klatra til topps den 1. desember og låg på toppen i totalt sju veker. Songen hadde fram til november 2012 seld 1,23 millionar eksemplar berre i Storbritannia. Jones-versjonen nådde òg 11. plassen på poplista og 12. plassen på easy listening-lista i USA.
I september 2006 framførte Jones songen som ein duett i lag med Jerry Lee Lewis på TV-showet Last Man Standing i New York City.
Lister Lister (1967)PlasseringIrish Singles Chart1UK Singles Chart1 VG-lista i Noreg1Australia - Kent Music Report1Den newzealandske singellista2Austerriksk Topp 402Den tyske singellista6Canada RPM Adult Contemporary Singles10U.S. Billboard Hot 10011Canada RPM Top 10047
Andre versjonar Sidan songen vart populær er han blitt spelt inn av mange andre artistar: 1965: Bobby Bare 1966: Charley Pride på albumet Country 1967 The Statler Brothers på albumet deira Sing the Big Hits. 1967: Roger Miller på albumet hans Walkin' in the Sunshine 1967: Ein serbokroatisk versjon av Miki Jevremović som «Zelena Zelena Trava Doma Mog» 1967: Ein svensk versjon av Stig Anderson som «En sång en gång för längesen», som både Björn Ulvaeus sitt Hootenanny Singers og Jan Malmsjö fekk ein hit på Svensktoppen med i 1967. 1967: Dalida, under namnet «Les grilles de ma maison» 1967: Dean Martin på albumet Welcome to My World 1967: Jürgen Herbst på tysk som «Der Weg zurück nach Haus». (CBS 2529) 1967: Agnaldo Timóteo, ein brasliansk songar, spelte inn songen på albumet Obrigado Querida (Odeon – MOFB 3488) på portugisisk som «Os Verdes Campos Da Minha Terra». Teksten var omsett av Geraldo Figueiredo 1967: Nana Mouskouri på fransk som «Le toit de ma maison» på albumet Le Jour où la colombe 1968: Johnny Cash på albumet Johnny Cash at Folsom Prison 1968: Frankie Laine på albumet «To Each His Own» 1968: Merle Haggard på albumet Mama Tried 1968: Hank Snow på albumet Hits, Hits, and more Hits 1968: Porter Wagoner på albumet Green Green Grass of Home 1968: Trini Lopez på Welcome to Trini Country 1968: Pozo-Seco Singers på Shades of Time 1968: Pavel Novák på tsjekkisk som «Vím, že jen sním» 1969: Joan Baez på albumet David's Album 1971: Stompin' Tom Connors (ein parodiversjon «The Green, Green Grass of Home, No. 2») på albumet Stompin' Tom Connors, 'LIVE' at the Horseshoe 1972: The Fatback Band på albumet Let's Do It Again 1972: George Jones på albumet Take Me 1975: Elvis Presley på albumet Today 1976: Gram Parsons og The Flying Burrito Brothers på albumet Sleepless Nights 1977: Kenny Rogers på albumet, Kenny Rogers 1986: Nick Cave siterer songen i opningslinjene av «Sad Waters» på albumet Your Funeral, My Trial 1986: Ted Hawkins på albumet On the Boardwalk (The Venice Beach Tapes) 1993: Dennis Brown på albumet The General 1993: Riblja Corba som «Zelena trava doma mog» på albumet Zbogom Srbijo 2006: Katherine Jenkins på albumet Serenade 2008: Mike Farris på albumet Shout! Live
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Green, Green Grass of Home» frå , den 25. juni 2017.
Bakgrunnsstoff
BBC-intervju med Tom Jones om «Green Green Grass of Home».
Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Songar skrivne av Curly Putman Kategori:Johnny Darrell-songar Kategori:Porter Wagoner-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Bobby Bare-songar Kategori:Charlie Pride-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Kenny Rogers-songar Kategori:Trini Lopez-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Songar om død Kategori:Decca Records-singlar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:Roger Miller-songar Kategori:Dean Martin-songar Kategori:Hank Snow-songar Kategori:Pattie Page-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Merle Haggard-songar Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Don Gibson-songar Kategori:The Flying Burrito Brothers-songar Kategori:Carl Perkins-songar Kategori:Emile Ford-songar Kategori:Howard Carpendale-songar Kategori:Floyd Cramer-songar Kategori:Charlie McCoy-songar