Super Smash Bros. Melee er eit crossover-slåstarspel som er utvikla av HAL Laboratory og utgjeve av Nintendo til spelkonsollen Nintendo GameCube. Det vart gjeve ut i Japan 21. november 2001, i Nord-Amerika 3. desember 2001 og i Europa 24. mai 2002. Super Smash Bros. Melee er det andre spelet i Super Smash Bros.-serien og ein oppfølgjar til Super Smash Bros. som kom ut på Nintendo 64 i 1999.
Spelet inneheld figurar frå Nintendo-seriar som Mario, The Legend of Zelda, Donkey Kong, Metroid, Kirby og Pokémon. Det inkluderer alle figurane frå det første spelet i serien og legg til nye figurar frå seriar som Fire Emblem. Kamparenaene og spelemodusane i Melee refererer til eller hentar element frå spel som er gjevne ut av Nintendo. Spelemekanikkane i Melee gjer ei uortodoks tilnærming til slåstarspelsjangeren, med ein teljar som måler skade i form av aukande prosent i staden for ein minkande helsemålar som i tradisjonelle slåstarspel. Det byggjer på det første spelet i serien ved å legge til nye funksjonar og spelemodusar.
Spelet fekk positive omtalar og er det mestseljande spelet på Nintendo GameCube, med meir enn 7 millionar selde kopiar verda over.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Super Smash Bros. Melee» frå , den 27. juni 2017.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Super Smash Bros.
Kategori:Dataspel frå 2001 Kategori:HAL Laboratory-spel Kategori:Nintendo GameCube-spel Kategori:Slåstarspel Kategori:Super Smash Bros.