Bo Diddley er eit studioalbum av den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley frå 1962. Det må ikkje forvekslast med samlealbumet med same namn frå 1958. Dette albumet kom ut på Checker i august 1962 og inneheld Willie Dixon-klassikaren «You Can't Judge a Book by the Cover», som vart gjeven ut på singel i juli 1962.
Suksess i Storbritannia I Storbritannia vart Bo Diddley gjeve ut av Pye International Records. Den britiske utgåva nådde 11. plassen på UK Albums Chart. Suksessen til albumet kom etter ein britisk turne Diddley hadde byrja i starten på året i lag med The Everly Brothers, Little Richard og The Rolling Stones.
På grunn av suksessen til albumet i Storbritannia, var det mange britiske band som spelte inn songar frå albumet.
Innhald
Medverkande Musikarar Bo Diddley – solovokal, sologitar Jerome Green – maracas, korvokal Peggy Jones – rytmegitar, korvokal Frank Kirkland – trommer Clifton James – trommer Willie Dixon – bass
Produksjon Ralph Bass – produsent Phil Chess – oversyn Ron Malo – lydteknikar Don Bronstein – plateomslag
Lister På UK Albums Chart nådde Bo Diddley 11. plassen den 2. november 1963. Albumet nådde 117. plassen på Billboard Top LP's-lista i USA.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bo Diddley (1962 album)» frå , den 11. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bo Diddley-album Kategori:Musikkalbum frå 1962 Kategori:Checker Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Ralph Bass