Little Richard's Greatest Hits - Recorded Live! er det andre og siste albumet Little Richard spelte inn for Okeh. Det vart spelt inn som eit konsertalbum i CBS Studios i Hollywood .
Historie Etter utgjevinga av albumet sa Richard sjølvWhite, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press. «Eg var inne i det andre året hos Okeh og det var framleis ikkje ein hit. Så eg reiv sundt kontrakten. Kontrakten gav meg ikkje løyve til å avgjere songane eg skulle spele inn eller kva som skulle gjevast ut. Larry Williams var den verste produsenten i verda. Han ønskte at eg skulle kopiere Motown og eg var ikkje ein Motown-artist. Okeh-songane selde ikkje i det heile tatt, fordi Okeh var eit R'n'B-selskap - eit svart selskap. Eg burde ha spelt inn for Epic, fordi eg er ikkje hovudsakleg ein svart artist. Det ville ha blitt mykje betre.»
Etter innspelinga av dette albumet, spelte Richard inn tre songar til for Okeh den 17. mai 1967. Ein av dei kom ut i 2004 («Golden Arrow»), og dei to andre er aldri gjevne ut. Han spelte så inn seks spor i New York, Los Angeles og Chicago for Brunswick Records seint i 1967 og i 1968. Brunswick-songane vart gjevne ut mellom desember 1967 og september 1968, men ingen av dei vart hittar.
Richard tok så ein pause frå platestudioet og kom først attende i mars 1970 for Reprise Records.
Innhald
Medverkande Little Richard – vokal, piano Billy Preston - orgel Eddie Fletcher - bass Glenn Willings - gitar Johnny «Guitar» Watson – gitar
Trommeslagaren er ikkje identifisert.
Lister Album ÅrListePlassering1967Billboard Pop Albums1841967Billboard Black Albums28
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live!» frå , den 21. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Little Richard-album Kategori:Konsertalbum frå 1967 Kategori:Okeh Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Larry Williams