Harold Gustav Oscar Lundh () var ein norsk offiser og skulemann frå Kristiania.
Lundh var son til ein general. Han reiste til sjøs i 1874 og tok deretter styrmannseksamen i 1876 og skipsførareksamen året etter. Dernest vart han offiser i marinen i 1880. Frå 1883 til 1895 gjorde han teneste i den britiske marinen (Royal Navy) i Egypt og i Australia.
mini|Sjømannsskulen på Ekeberg i Oslo I 1896 busette Lundh seg i heimbyen og var lærar ved Kristiania offentlege sjømannsskule, styrar av skulen frå 1899. I denne tida var han mykje aktiv i «sjømannssamskipnader og off. nemnder om navigasjons[spørsmål].» Han var ein pådrivar for å få reist det monumentale sjømannsskulebygget på Ekeberg i Oslo.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957
Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Oslo