Silke Renk () er ein tysk tidlegare spydkastar frå Querfurt i Sachsen-Anhalt som vart olympisk meister i øvinga i 1992. Ho representerte Aust-Tyskland til 1990, sidan det samla Tyskland.

Aktiv Sommaren 1988 presterte Renk sitt lengste kast med den dåverande spydtypen, i austtyske Rostock landa spydet på 71,00 meter. Under Sommar-OL i Seoul tre månader seinare vart ho nummer fem med sine 66,38 m. To år seinare rykte ho ein plass fram på resultatlista under EM i Split og vart nummer fire. Året etter tok ho endå eit steg fram og vann bronsen under Tokyo-VM 1991.

Under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona kasta Renk 67,24 m i den fyrste finaleomgangen og la seg på andreplassen, etter som Natalja Sjikolenko i same omgangen tok leiinga med eit kast på 68,26 m. Slik var stillinga til sjette og siste omgangen. Renk lukkast då smelle til med 68,34 m og kneip gullmedaljen, åtte centimeter framfor Sjikolenko.

Renk enda på sjetteplassen i spydtevlinga under VM 1993. Ho deltok ikkje i EM 1994 grunna ein kneskade. Sidan var ho med i VM 1995, OL 1996 og VM 1997, alle tre gongane mangla ho nokre få desimeter på å kvalifisere seg til finale.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 5 – 66,38 m EM 1990 i Split: Nr 4 – 64,76 m VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje – 66,80 m OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 68,34 m, framom Natalja Sjikolenko (68,26 m) VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 – 64,00 m VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (59,86 m =nr 13) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (59,70 m =nr 13) VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (60,72 m =nr 13)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silke Renk» frå , den 29. juli 2017.

World Athletics

Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996