Johan Nicolaisen () var ein norsk skulemann frå Byneset i Sør-Trøndelag, lærar og overlærar i folkeskulen i Oslo i femti år.
Nicolaisen var son til ein husmann. Han gjekk Klæbu seminar og tok lærarprøva i 1867. I 1869 flytta han til hovudstaden der han underviste i folkeskulen til 1919. Frå 1902 til 1920 var han medlem og seinare formann i Lærarskulerådet.
Nicolaisen gav «ut viktige arb[eid] om opplæringa i rekning og morsmål i folkeskulen». Dessutan stod han som forfattar av reknebøker, barneforteljingar og barnesongar med «friske melodiar». Mellom anna laga han både tekst og melodi til «Mot i brystet» og han omsette «Alle fugler små de er» til norsk. Til 70-årsdagen vart han heidra med eit stort festskrift.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Trondheim