mini|250px Turkmeneli (tyrkisk Türkmeneli) eller Turkomania er eit område som irakiske tyrkarar, hovudsakleg Den irakiske turkmenfronten, har gjort krav på som heimlandet sitt.

Det strekkjer seg frå grensa til Syria i nord til Iran i det sentrale Irak. Regionen ligg mellom dei arabiske områda i sør og dei kurdiske områda i nord. Området er meint å omfatte Kirkuk, Tel Afar, Mandali, Mosul og Tuz Khormato, og Kirkuk vert rekna som hovudstaden. Somme kjelder meiner òg at Erbil og Salah ad-Din er ein del av kravområdet.

Forslaget om ein tyrkisk/turkmensk autonom region vert rekna som særs kontroversielt. Den 17. juli 2017 føreslo tyrkarane at Tel Afar og Tuz Khurmatu skulle bli ein autonom irakisk-tyrkisk region og bad om at Kirkuk skulle få «spesialstatus». Iraqi Turkmen to propose ‘special status’ for Kirkuk

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Turkmeneli» frå , den 11. september 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Irakisk geografi Kategori:Kulturelle regionar