thumb|Rollag prestegard thumb|Stabbur thumb|Bispestove Rollag prestegard ligg nordaust for Rollag stavkyrkje. Det har vore prestegard på staden sidan mellomalderen.
På prestegarden står seks freda bygningar, dei fire førstnemnde eigd av Opplysningsvesenets fond: hovudbygning (med kjerne frå 1633) bispestove (1720) stort stabbur lite stabbur stabbur tidlegare korntørke, ombygd til garasje
Prestebustaden vart rehabilitert i 2013, og i 2016 vart ein ny garasje oppført ved garden.Opplysningsvesenets fond: En ny bygning på Ovfs eldste prestegård
Prestegarden er rekna for å ha stor verdi som kyrkjeleg kulturminne. Gårdsdrifta er frådelt og seld saman med bygningar på nordsida av det gjenverande prestegardstunet.Lagt ut for sal i 2014, ifølge Laagendalsposten. Søraust for prestegarden er Rollag bygdetun.irollag.no
Fotnotar
Kjelder Opplysningsvesenets fond
Bakgrunnsstoff
Buskerud fylkeskommune: Rollag kirkegrend
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Rollag Kategori:Byggverk i Rollag Kategori:Freda bygg i Buskerud