Edmund Konvall Fjærvoll () var ein gardbrukar og politikar frå Bø i Nordland. Han representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget i to periodar. Han var far til Dag Jostein Fjærvoll.
Fjærvoll var son til ein gardbrukar og var sjølv gardbrukar frå 1930. Seinare var han frå 1953 distriktssjef i livsforsikringsselskapet Samvirke. Han eigde Hotell Vesterålen i åra 1968-75.
Frå 1952 til 1975 var Fjærvoll kommunestyremedlem i Hadsel, ordførar 1960-61 og 1964-67. Hausten 1961 vart han vald til stortingsrepresentant frå Nordland på ei fellesliste. Den neste perioden var han av same grunn vararepresentant. I 1969 kom han tilbake på Tinget og sat som representant for Kristeleg Folkeparti i fire år. Begge tingbolkane var han medlem i Administrasjonskomiteen. Han var elles medlem i landsstyret i Den indre sjømannsmisjon.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Bø i Nordland