Babil guvernement eller provinsen Babylon (arabisk محافظة بابل Muḥāfaẓa Bābil) er eit guvernement sentralt i Irak. Det har eit areal på 5 119 km² med eit estimert folketal på 1 651 565 innbyggjarar i 2002. Provinshovudstaden er byen Hillah, som ligg ovanfor oldtidsbyen Babylon (بابل) ved Eufrat.

Historie Oldtidsbyen Babylon i dagens guvernement var hovudstad i det gamle Babylonia, og ligg ved Eufrat sør for Bagdad i Irak.

Byen var busett frå 2000-talet fvt., men vart mindre viktig på 1000-talet fvt. under kongane av det første dynastiet i Babylon. Den sjette kongen i dynastiet var Hammurabi (1792–1750 fvt.) som gjorde Babylon til hovudstad i eit enormt rike og er mest kjend for lovene sine.

Byen opplevde ei stordomstid under Nebukhadnezzar II (605–562 fvt.) då Det babylonske riket strekte seg over det meste av Vest-Asia.

I 1991 var Babil guvernement senteret for eit sjiaopprør.

Geografi Området er tørt til halvtørt med ein årsmiddelnedbør som varierer frå 50 til 200 mm.. Temperaturane om sommaren kan nå opp mot 50 °C, og vintrane er generelt milde.

Distrikt Babil guvernement er delt inn i fire distrikt: Al-Mahawil-distriktet (Al-Mahawil) Al-Musayab-distriktet (Al-Musayab) Hashimiya-distriktet (Hashimiya) Hilla-distriktet (Hillah)

Byar

Sjå òg Babylon Babylonia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Babil Governorate» frå , den 13. september 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Guvernement i Irak