Tydal kyrkje er ei kyrkje frå 1696 i Tydal kommune i Trøndelag fylke.
Kyrkja var opphavleg y-forma.Jf. illustrasjon i Digitalt museum. Ho vart så utvida i 1782 og ombygd til langkyrkje i 1830-åra. Ho vart omfattande vølt i 1847 og deretter måla. Før denne overmålinga hadde kyrkja veggmåleri med bibelske motiv. Desse vart restaurerte i 1912. Kyrkja vart òg omfattande vølt i 1969–71. I 1995–96 vart kortaket restaurert og konservert.
Kyrkja har 225 sitjeplassar.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Stjørdal prosti Kategori:Kyrkjer i Tydal Kategori:Norske kyrkjer frå 1690-åra Kategori:Kulturminne i Tydal Kategori:Trekyrkjer