Konfrontasjonen ved den norsk-russiske grensa i 1968 under Den kalde krigen starta 7. juni 1968, då 60-70 stridsvogner av typen T-54 rulla fram mot norskegrensa. 40 kanoner og over 400 andre kjøretøy deltok òg.

Hendinga

Den 6. og natt til 7. juni 1968 rulla over 60 stridsvogner fram mot den norsk-russiske grensa. Heile 45. motoriserte infanteridivisjon, eit artilleriregiment fra Petrozavodskarméen, ein fallskjermbataljon, eit regiment taktiske rekognoseringsfly, omlag 30 transportfly og eit regiment jagerbombefly deltok i manøveren.

Dei norske soldatane frå Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) fekk utlevert skarpe skot og budde seg til væpna samanstøyt. Straks dei russiske stridsvognene kryssa grensa, skulle det opnast eld. Sovjetarméen stansa berre 30 meter frå grensa, skriv Aftenposten.

Soldatane visste kva som gjekk føre seg og var budde. Fleire nytta ventetida til å kvesse bajonettar og knivar, seier Arild Hjerde, som då var løytnant og sjef ved Elvenes Grensestasjon. Etter fire dramatiske dagar trekte stridsvognene seg attende, og den norske beredskapen vart oppheva 11. juni.

I ettertid Forsvaret heldt alt offisielt materiale om hendinga og junidagane i 1968 løynd fram til desember 1999, men i 2017 skal mykje vera oversendt Riksarkivet.

Referansar

Bakgrunnsstoff For 50 år siden så Harald (70) rett inn i 14 sovjetiske kanonløp på grensa. Omtale ved NRK.no Styrkedemonstrasjonen i 1968 - En studie av norske reaksjoner på sovjetisk trusseldiplomati. Mastergradsoppgåve i historie av Tor Gisle Lorentzen.

Kategori:1968 i Noreg Kategori:1968 i Sovjetunionen Kategori:Den kalde krigen Kategori:Hendingar i 1968 Kategori:Sovjetisk militærhistorie Kategori:Norsk militærhistorie