Johannes Marius Hartmann Müller () var ein norsk målar frå Ullensaker.

Müller var fødd i Ullensaker som son av soknepresten Jahn Collett M. (1826—1916) og Johanne Marie Edvardine Hartmann.

Han utdanna seg som målar på Krohg og Werenskiold sin målarskule i 1886, og studerte i Paris frå 1893 til 1895.

Müller vart frå slutten av 1880-åra lagt merke til gjennom sine vemodige kvelds- og nattstemningar, til dømes Kveld i august (1889), De siste solstråler (1892), Sommeraften i Eidsvåg (1894), Sommernatt på fjellet (1896) og Måneoppgang (1896), det siste kjøpt av kong Oscar II.

Müller fann mange motiv i Gudbrandsdalen. Måleriet Fra Vågå (1897) er i Nasjonalgalleriet i Oslo, medan Fjellbekk, eit høgfjellsmotiv frå same området og måla i 1907, høyrer til Bergen Billedgalleri. Seinare henta han også motiv frå kystnaturen på Aust- og Sørlandet.

Kjelder

Johannes Müller i Norsk kunstnerleksikon

Kategori:Norske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Ullensaker