Katharina Gamlemshaug Andresen () er ein norsk arving som i mars 2016 vart verdas nest yngste dollamilliardær (1,15 milliardar US-dollar) som rapportert av Forbes.

Ho er dotter av Johan H. Andresen jr., eigaren av Ferd AS, som i 2007 overførte 42,2 % eigarskap kvar til Katharina og systera Alexandra. Ho er oldebarn av Johan H. Andresen, tipp-tipp-oldebarn av Johan Henrik Andresen og Anton Klaveness, og tipp-tipp-oldebarn av Nicolai Andresen. Johan Henrik var bror av Nicolay August Andresen, og onkel til Nils August Andresen Butenschøn.

I 2018 blei ho praktikant i Innovasjon Norge.

Privatliv I 2017 vart Andresen registrert med 0,6 promille alkohol i blodet under ein rutinekontroll ved Hafjell. Klagaren meinte i retten at bota måtte vere på minst ein million kroner fordi ho hadde formue på 7,7 milliarder kroner. Domen lydde likevel på 250 000 kroner i bot og fengsel i 18 dagar pluss inndraging av førarkortet i 18 månader.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Katharina Andresen» frå , den 18. november 2017.

Bakgrunnsstoff Milliardærarvingen flyttet hjem etter at stalkingen tok overhånd i Dagbladet.no

Kategori:Norske rikfolk