Ole Peter Larsen () var ein norsk lege frå Drøbak som representerte Fredrikstad på Stortinget 1862-66.

Larsen var son til ein skipper. Sjølv gjekk han ut frå Christiania katedralskole i 1829 og vart cand.med. i 1836. Han var koleralege i Christiania i 1833 og i Fredrikstad og Farsund i 1834. Sidan var han kompanikirurg ved 1ste akershusiske brigade i 1838 og garnisonslege 1847 i Fredrikstad. Frå 1860 korpslege og 1870 brigadelege i førnemnde akershusiske brigade. Larsen budde i Fredrikstad frå 1836, der han også var sjukehuslege og frå 1845 fattiglege.

Larsen var i mange år medlem i Fredrikstad bystyre, fleire av dei som ordførar. Han var òg styreformann i sparebanken. Både i 1862-63, 1865-66 og på omframtstortinget 1864 var han tingmann for Fredrikstad, medlem 1862-63 i Protokollkomiteen og 1865-66 i Justiskomiteen og Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske legar Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Folk frå Fredrikstad