Oslorapporten var og er eit døme på spektakulære lekasjar når det gjeld militær etterretning. Rapporten vart skriven av ein tysk matematikar og fysikar, Hans Ferdinand Mayer, i byrjinga av november 1939 under ei reise til Oslo i Noreg. Han inneheld nøyaktig informasjon om tyske våpensystem som fantest då, og om vidare planar for slike.R.V. Jones. Air Scientific Intelligence Report No. 7, The Edda Revisited, 17 July 1940. Churchill Archives Centre, Cambridge University, Reginald Victor Jones Papers, RVJO B.24

Mayer sende rapporten anonymt til den britiske ambassaden i Oslo, som vidaresende han til MI6 i London for vidare analyse. Rapporten viste seg å vere særs verdifull for britisk utvikling av elektroniske mottiltak, spesielt innan radarteknologi som støtte til navigasjon og målfatting. Denne informasjonen var avgjerande for å vinne Slaget om Storbritannia.

Referansar

Kjelder

CIA Library - minimally edited version of Jones' 1947 talk to the Royal United Services Institute accessed 4 May 2010 Updated version of Sterrenburg's article on the Oslo Report with biographical details of Mayer accessed 4 May 2010 Text of the Oslo report including illustrations (Registration required for text beyond para 10) accessed 10 Oct 2014

Kategori:Hendingar i 1939 Kategori:Andre verdskrigen Kategori:Etterretning Kategori:TECHINT