Kjersti Stenseng () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og arbeids- og inkluderingsminister i Støre-regjeringa. Før det var ho kommunal- og distriktsminister i same regjering i perioden 4. februar 2025 til 16. september 2025. Ho var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 2015 til 2025.

Biografi Stenseng kjem frå Kvam i Nord-Fron kommune i Oppland. Ho vart vald inn i Sentralstyret til Arbeidarpartiet i 2011, og har vore statssekretær og politisk rådgjevar i Kulturdepartementet.https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/kud/Personer-og-enheter/Politisk-ledelse/2011/konstituert-politisk-radgiver-kjersti-st/id647400/

Stenseng har òg jobba som festivalsjef for Peer Gynt-stemnet og festivalsjef for Norsk Litteraturfestival. Ho var HR- og friviljugsjef for Vinter-OL for ungdom 2016.http://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/portrett/tillitskvinnen-1.344635

Ved stortingsvalet 2013 var Stenseng 4. kandidat for Oppland Arbeidarparti, etter at ho på nominasjonsmøtet tapte kampvoteringa om tredjeplassen mot Stine Renate Håheim med 53 mot 68 stemmar. Ho var i stortingsperioden 2013–2017 fyrste vararepresentant til Stortinget.

Ho er sambuar med idrettspresident Tom Tvedt.

Verv 2007–2011: medlem av formannskap og kommunestyre i Sør-Fron kommune 2008–2010: kvinnenettverksleiar i Oppland Arbeidarparti 2010–2014: fylkespartileiar i Oppland Arbeidarparti 2011– : sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet 2015–2025: partisekretær i Arbeidarpartiet

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kjersti Stenseng» frå , den 6. januar 2018.

Bakgrunnsstoff

Kjersti Stenseng sin CV ved regjeringen.no

Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Ap-politikarar i Oppland Kategori:Folk frå Nord-Fron Kategori:Politiske rådgjevarar frå Ap Kategori:Sekretærar i Arbeidarpartiet Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II