Lisbeth Korsmo, fødd Lisbeth Berg, () var ein norsk idrettsutøvar frå Oslo. Ho deltok lenge i skeisesport og vann OL-bronse på 3000 meter i 1976, og var elles ei tid aktiv i sykkelsport. Skeiseløpar Korsmo var i alle år medlem i Oslo Idrettslag, i sykling representerte ho Ullensaker Cykleklub.

Lisbeth Korsmo vart sju gongar norsk meister i firkamp på skeiser i tida 1971-78, dessutan vann ho sprint-NM i 1971 og perioden 1974-78. Frå 1966 til 1978, tretten noregsmeisterskap i firkamp på rad, vart ho anten nummer ein eller to. I nesten alle desse meisterskapane kjempa ho og Sigrid Sundby om kven som skulle få NM-laurbærkransen.

Berg/Korsmo deltok i 25 internasjonale meisterskap, omframt tre olympiske vinterleikar. Vinteren 1971 enda ho på femteplassen både i skeise-EM og i VM i firkamp. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart ho nummer fire på 1500-meteren, før ho på 3000 meter vart den fyrste norske kvinnelege OL-medaljøren på lengdeløpsskeiser. Med sluttida 4.45,24 var Korsmo ein fattig hundredels sekund bak sølvvinnaren og fem små hundredelar bak olympiameister Tatjana Averina frå Sovjetunionen som kom i mål på 4.45,19. Ho la bort konkurranseskeisene i 1980.

I 1981 tok Korsmo heim NM-gullet i landevegssykling.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lisbeth Berg» frå , den 12. januar 2018.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske syklistar Kategori:Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Oslo