There Must Be More to Love Than This er eit musikkalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1971.

Albumet inneheld fleire songar om utruskap, som «Home Away from Home», «Woman, Woman (Get Out of My Way)» (med systera Linda Gail Lewis som ein av låtskrivarane) og tittelsporet av Jerry Chesnut, som hadde gått til toppen av countrylistene i 1970.

Lewis sjølv var særskild glad i «Sweet Georgia Brown» – særleg gitaristen Kenny Lovelace sin felesolo i songen.

There Must Be More to Love Than This vart nok eit hitalbum for Lewis og nådde åttandeplassen på countrylista til Billboard.

Innhald

Medverkande Jerry Lee Lewis – vokal, piano Buck Hutcheson, Chip Young, Harold Bradley, Ray Edenton – gitar Ned Davis – steelgitar Kenny Lovelace – fele Bob Moore, Eddie DeBruhl – bass Buddy Harman, Kenny Buttrey – trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «There Must Be More to Love Than This (album)» frå , den 27. januar 2018.

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Mercury Records-album