mini|Bomstasjon på Svinesund (AutoPASS i blå filer) EasyGo er eit fellesføretak (joint venture) mellom Noreg, Sverige, Danmark og Austerrike som gjer det mogeleg å bruke ei og same elektroniske bombrikke i alle land når ein passerer i bompengeanlegg, på ferjer og bruer. Føremålet med EasyGo er at same bombrikke skal kunna nyttast til betaling ved køyring gjennom kva som helst betalingsanlegg gjennom Nord-Europa og Austerrike.

EasyGo er basert på DSRC 5,8 GHz mikrobølgeteknikk og det er store skilnader på operatørane. Anlegga har ulik utforming og det finst inga felles EasyGo-skilting, men det finst enkelte fellestrekk. mini|Bomstasjon på Storebæltbrua (BroBizz i grøne filer) mini|Bomstasjon på Øresundbrua (BroBizz i grøne filer) Historie EasyGo var den første kommersielle grenseoverskridande innkrevjingstenesta av bompengar i Europa. Innleiande diskusjonar byrja i 2004, då Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige var ved å byggjast. Transportstyresmaktene i Noreg og Sverige, norske Statens vegvesen og svenske Transportstyrelsen, gjekk saman med Sund & Bælt (operatør av Storebæltbrua) og Øresundsbro Konsortiet (dansk/svensk joint venture, operatør av Øresundbrua) og oppretta EasyGo i 2007.

Austerrikske ASFINAG slutta seg til partnarskapet i 2009.

Alle eksisterande nordiske system tekne i bruk før 2007 (AutoPASS og BroBizz) inngår, og ein treng ikkje endra lovgjevinga i landa. EasyGo landa har fire forskjellige valutaer og variable momsnivå.

Frå 1. januar 2021 er det eit krav på Storebæltbrua at brikkeutferdaren skal vere EETS-godkjent, noko som i realiteten gjer at dei fleste AutoPASS-brikker ikkje lenger kan nyttast, fordi berre SkyttelPASS har EETS-godkjenning. Fremtind Service har og søkt om godkjenning.

EasyGo Basic EasyGo Basic er for køyretøy som berre ferdast innanfor Skandinavia og har ei maksimalt tillaten totalvekt på 3,5 tonn.

EasyGo+ EasyGo+ er ein internasjonal bompengeavtale som lèt førarar av køyretøy over 3,5 tonn betala veiavgift i Austerrike, Danmark, Sverige og Noreg ved hjelp av ei og same bombrikke i alle dei fire landa.

Utferderar EasyGo leverast frå fleire utferderar. Somme utferderar tilbyr imidlertid bombrikker for berre ei av tenestene. For at ei brikke frå ein utferdar skal vera gyldig i eit bestemt bompengeområde føreset det at utferdaren har ei avtale med bompengeselskapet i området. UtferdarLandGyldig iAS24AxxèsBroBizz A/SDKV Euro Service GmbH & Co KGEurotoll SASFremtind Service ASToll4Europe GmbHØresundPaySkyttelPASS ASTELEPASS SPATolltickets GmbHW.A.G payment solutions, a.s.Fyt AS

Sjå òg AutoPASS Bompengefinansierte vegar i Noreg Statens vegvesen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «EasyGo» frå , den 28. januar 2018.

Bakgrunnsstoff EasyGo AUTOPASS' nettside BroBizz

Kategori:Bomvegar i Noreg Kategori:Radiofrekvensidentifisering Kategori:Samferdsle i Danmark Kategori:Samferdsle i Noreg‎ Kategori:Samferdsle i Sverige‎