Sylvia Burka () er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar og syklist frå Winnipeg i Manitoba som vart verdsmeister på skeiser i firkamp i 1976 og i sprint i 1977.

Karriere Skeiser Burka debuterte i skeise-VM så tidleg som i 1970, knappe 16 år gammal. I 1973 gjekk ho til topps i verdsmeisterskapen for juniorar. OL-sesongen 1976 skreid ho inn til fjerdeplass på 1000 m under vinterleikane i Innsbruck. Vel ei veke seinare overraska ho med å vinne Skeise-VM 1976 på Gjøvik stadion, før ho så tok bronsen i Sprint-VM i Vest-Berlin. Året etter vann Burka ein suveren siger då Sprint-VM 1977 fann stad i Assen i Nederland. I 1979 sikra seg ho seg bronseplassen ved skeise-VM i Haag. Då OL-sesongen 1980 var over, la ho opp.

Sykling Burka vann 12 nasjonale meistertitlar i ulike sykkeløvingar, mellom anna vart ho kanadisk meister landevegssykling i 1977, 1978 og 1980.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sylvia Burka» frå , den 5. februar 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Canadiske skeiseløparar Kategori:Canadiske syklistar Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Winnipeg