«He's Sure the Boy I Love» er ein song frå 1962 av The Crystals. Songen vart opphavleg spelt inn av The Blossoms, men artistnamnet som vart sett på utgjevinga var The Crystals.
Bakgrunn I 1962 spelte The Blossoms inn «He's a Rebel» med Phil Spector. I staden for å The Blossom gav Spector ut songen under namnet til The Crystals utan å informere gruppa medan dei var på turné. Etter at «He's A Rebel» vart ein hit, henta Spector The Blossoms attende for å spele inn «He's Sure the Boy I Love».
Innspeling Medan The Crystals var på turné, spurte Phil Spector Darlene Love frå The Blossoms om å spele inn «He's Sure the Boy I Love». Etter å ha fått namnet fjerna frå «He's A Rebel», bas Love Spector om å gje ho ein kontrakt der ho skulle få tre cent per plate. Songen vart spelt inn i Gold Star Studios i Los Angeles i november 1962. The Wrecking Crew spelte eit arrangement laga av Jack Nitzsche, medan Larry Levine var lydteknikar. Phil Spector: Back To Mono 1958 - 1969, 4 CD box set, All Mother Bertha Music, 1991, liner notes
Utgjeving «He's Sure the Boy I Love» kom ut på The Crystals-albumet He's a Rebel og erstatta ein tidlegare song som opphavleg hadde vore på Twist Uptown.
Kontrovers Då The Blossoms oppdaga at Spector igjen hadde fjerna dei som artistar frå ei innspeling, hamna Patsy Wright i ein konfrontasjon med Spector. The Crystals vart òg sinte på Spector for at dei måtte syngje enno ein song på turné som ikkje var deira song. For å høyrast ut som Darlene Love, øvde førstevokalisten i The Crystals, La La Brooks, på introduksjon til «He's Sure the Boy I Love» med California-aksent.
Salslister I februar 1963 nådde songen 18. plassen på Hot R&B Singles og 11. plassen på Billboard Hot 100.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «He's Sure the Boy I Love» frå , den 23. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:The Crystals-songar Kategori:Songar skrivne av Barry Mann Kategori:Songar med tekst av Cynthia Weil Kategori:Songar produserte av Phil Spector