mini|Portrett av Chaucer som ein Canterbury-pilegrim i Ellesmere-manuskriptet av Canterbury-forteljingar. mini|right|Eit tresnitt for Canterbury-forteljingane frå 1484. Canterbury-forteljingar, engelsk The Canterbury Tales eller Tales of Caunterbury, er ei samling forteljingar skrivne av den engelske forfattaren Geoffrey Chaucer på slutten av 1300-talet. Dei blir fortalde i ei rammefortelling der ei gruppe pilegrimar dreg frå Southwark til Canterbury for å vitja grava til Thomas Becket i domkyrkja der. Pilegrimane representerer ulike grupper i det samtidige engelske samfunnet.

Forteljingane omfattar 24 stykke og over 17 000 linjer skrivne på mellomengelsk mellom 1387 og 1400. Dei fleste forteljingane er skrivne på vers, medan to av dei er på prosa.

Bakgrunn

I 1386 fekk Chaucer embetsstillinga Controller of Customs and Justice of Peace og i 1389 blei han utnemnd til Clerk of the King's work. Det var i denne åra han byrja å skriva det best kjende verket sitt. Etter ei rad tidlegare verk, som Troilus and Criseyde, House of Fame og Parliament of Fowls, er Canterbury-forteljingar rekna som Chaucer sitt meisterverk. Verket er blitt kjend som The Canterbury Tales på engelsk, men tittelen brukt i dei eldste overlevande tekstane er Tales of Caunterbury. Den eldste bruken av den moderne tittelen, Canterbury talys, opptrer i John Lydgate sin prolog til Siege of Thebes (1421–1422).Carlson, David. «The Chronology of Lydgate's Chaucer References». The Chaucer Review, Vol. 38, No. 3 (2004), s. 246–254. Henta 6. januar 2014.

Strukturen i verket minnar om den i Dekameronen av Giovanni Boccaccio, som Chaucer kan ha lese då han vitja Italia som diplomat i 1372. Som Dekameronen rekner ein med at Canterburyfortellingene bidrog til å gjera folk sitt talemål meir utbreidd som litteraturspråk, i staden for fransk eller latin.

Ein rekner med at verket var ufullendt då Chaucer døydde. I den generelle prologen introduserer han 30 pilegrimar som kvar skal dela fire forteljingar, to på vegen til Canterbury og to på tilbakevegen. Det ville då ha omfatta 120 forteljingar. Også den tiltenkte rekkjefølgja på forteljingane er ukjend, ettersom verket blei laga før boktrykkarkunsten blei utvikla i Europa, og Canterburyfortellingene blei spreidde gjennom handskrivne manuskript.

Innhald mini|480px|Framstilling av pilegrimane etter Thomas Stothard. Verket inneheld desse delane:

Prologen – The General Prologue Ridderens fortelling og prolog – The Knight's Prologue and Tale Møllerens prolog og fortelling – The Miller's Prologue and Tale Reevens prolog og fortelling – The Reeve's Prologue and Tale Kokkens prolog og fortelling – The Cook's Prologue and Tale Lovmannens prolog og fortelling – The Man of Law's Prologue and Tale Enken fra Baths prolog og fortelling – The Wife of Bath's Prologue and Tale Klosterbrorens prolog og fortelling – The Friar's Prologue and Tale Stevningsmannens prolog og fortelling – The Summoner's Prologue and Tale Skriverens prolog og fortelling – The Clerk's Prologue and Tale Handelsmannens prolog og fortelling – The Merchant's Prologue and Tale Væpnerens prolog og fortelling – The Squire's Prologue and Tale Odelsbondens prolog og fortelling – The Franklin's Prologue and Tale Legens fortelling – The Physician's Tale Avlatskremmerens prolog og fortelling – The Pardoner's Prologue and Tale Skipsførerens fortelling – The Shipman's Tale Priorinnens prolog og fortelling – The Prioress' Prologue and Tale Chaucers fortelling om Sir Topas – Chaucer's Tale of Sir Topas Melibees fortelling – The Tale of Melibee Munkens prolog og fortelling – The Monk's Prologue and Tale Nonnens prests prolog og fortelling – The Nun's Priest's Prologue and Tale Den andre nonnens prolog og fortelling – The Second Nun's Prologue and Tale Kannikens tjeners prolog og fortelling – The Canon's Yeoman's Prologue and Tale Forvalterens prolog og fortelling – The Manciple's Prologue and Tale Sogneprestens prolog og fortelling – The Parson's Prologue and Tale Chaucers avsanning – Chaucer's Retraction

Omsetjingar Egil Tveterås utførte den første omsetjinga av verket til norsk, som Canterburyfortellingene i 1953.Geoffrey Chaucer Canterburyfortellingene, oversatt av Egil Tveterås , illustrert av H. Lawrence Hoffman Aschehoug 1953 Det kom ut ei ny omsetjing av Arthur O. Sandved i 2002.Geoffrey Chaucer Canterbury-fortellingene i utdrag gjendiktet av Arthur O. Sandved ISBN 82-03-18556-8 Den norske mellomalderhistorikeren Kåre Lunden gjendikta eit utval av Canterbury-forteljingane og andre verk av Chaucer til nynorsk i 1993.Kåre Lunden Den Vakre snikkarkona: frå Geoffrey Chaucers Canterbury-forteljingar og andre mellomaldervers, 1992 ISBN 8252138608

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Canterbury Tales» frå , og «Canterbury-fortellingene» frå den 8. mars 2018.

Kategori:Britisk litteratur Kategori:Mellomalderlitteratur Kategori:Geoffrey Chaucer