Pacific Ocean Blue er det einaste soloalbumet den amerikanske musikaren Dennis Wilson gav ut medan han levde. Wilson var medlem i The Beach Boys. Då albumet kom ut i august 1977 fekk det god kritikk, og selde betre enn Beach Boys sine eigne album på denne tida. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «River Song» og «You and I», men ingen av dei selde godt nok til å gå inn på singellista.
Albumer er framleis midtpunktet i ettermælet til Wilson, og vert i dag rekna som ein «klassikar». Wilson meinte å spele inn ein oppfølgjar, kalla Bambu, men albumet var enno ikkje ferdig då han døydde i desember 1983.
Bakgrunn og innspeling
Etter fleire forsøk på gje ut sitt eige album frå 1970 og frametter, spelte Wilson inn det meste av Pacific Ocean Blue i løpet av hausten 1976 og den påfølgjande våren etter i studioet til The Beach Boys, Brother Studios. Under innspelinga hadde det harde livet Wilson leve byrja å påverke utsjånaden og røysta hans, som no vart grovare og hesare, men likevel djupt sjelful.
Med-produsent på albumet var Gregg Jakobson som fortalte om tida dei arbeidde på albumet: «Dette var når han fullt ut aksepterte seg sjølv som artist. Brian hadde vist han nokre akkordar på pianoet, men etter kvart som han vart meir dugande, var ikkje musikken som kom fram eit resultat av det. Det å ha sitt eige studio var særs nyttig for han. Med litt oppmuntring, og dei rette reiskapane, tok Dennis av.»Edmonds, Ben. «Dennis Wilson: The Lonely Sea». Mojo, November 2002
Reaksjonen til Brian då han høyrte dei første miksane av albumet til Dennis var «Dennis, det er funky! Det er funky!»
Mottaking
Albumet kom ut i august 1977 og fekk god kritikk for den musikalske djupna og kjensla. Sjølv om Brian Wilson hylla albumet då det kom, skal Wilson i eit intervju i 2008 ha nekta for å ha kjend til at Dennis spelte inn eit album. Albumet selde ikkje godt i USA, med kring 200 000 eksemplar og ein 96. plass på albumlista som høgaste plassering. Det låg 12 veker på Topp 200. Dei skuffande salstala ti plata, kombinert med den stadig meir upålitelege oppførselen til Wilson, førte til at plateselskapet trakk attende støtta til ein liten planlagt turné på Vestkysten for å marknadsføre albumet.
Lovord Albumet finst på fleire «beste album»-lister og er mellom anna med i Robert Dimery-boka «1001 Albums You Must Hear Before You Die,» og Mojo-listene «Lost Albums You Must Own» (tapte album du bør eige) og «70 av dei beste albuma frå 1970-åra». I 2005 vart det rangert på 18. plassen på lista til GQ over «Dei 100 kulaste albuma i verda akkurat no».
Seinare utgjevingar
Det vart gjeve ut på CD av Caribou/CBS Records i 1991, men forsvann ut av opplag etter berre eitt år på grunn av usemje om opphavsretten. Albumet var så praktisk talt ikkje mogeleg å få tak i dei nesten 15 åra. Eksemplar av den ekstremt sjeldne CD-utgåva frå 1991 blir seld for høge summar (over 200 amerikanske dollar).
Legacy Recordings gav ut ei spesialutgåve i høve 30-årsjubileet den 17. juni 2008. Dette var ei dobbeltplate med heile Pacific Ocean Blue og songar frå innspelinga til Bambu. Ei avgrensa 180-grams vinylutgåve i ein plateboks kom òg ut på Sundazed.
Denne spesialutgåva inneheld songen «Holy Man», som var spelt inn for Pacific Ocean Blue i 1977, i to verrsjonar. Wilson hadde gjort ferdig akkompagnementet, men aldri sunge inn ein vokal han var nøgd med, og sletta originalopptaket. Derfor vart Taylor Hawkins frå Foo Fighters henta inn for å synge songen i same stil som Wilson.
Den originale utgåva frå 1977 gjekk aldri inn på UK Album Chart, men denne nye, utvida utgåva av Pacific Ocean Blue gjekk inn på den britiske albumlista på ein 16. plass. Albumet nådde òg femteplassen på VG-lista i Noreg.
Innhald
30-årsjubileumsutgåva
Medverkande
Per Craig Slownskihttp://www.tiptopwebsite.com/custommusic2/craigslowinskicom2.pdf#page=1http://www.beachboysarchives.com/page11
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pacific Ocean Blue» frå , den 8. mars 2018.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (2008-utgåva)
Kategori:Dennis Wilson-album Kategori:Debutalbum frå 1977 Kategori:Caribou Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Dennis Wilson Kategori:Musikkalbum produserte av Gregg Jakobson Kategori:CBS Records-album Kategori:Legacy Recordings-album Kategori:Sundazed Records-album