«Surf City» er ein song skriven av Brian Wilson og Jan Berry om ein oppdikta surfestad der det finst «to jenter til kvar gut.» Han vart først spelt inn og gjort populær av den amerikanske duoen Jan and Dean i 1963, og singelen deira vart den førsste surfesongen som nådde toppen av singellista i USA.
I 1991, etter å ha flytta til Huntington Beach i California, var Dean Torrence med å overtyde styresmaktene i byen om å offisielt gje byen kallenamnet Surf City.
Jan and Dean-versjonen Det første utkastet til songen hadde arbeidstittelen «Goody Connie Won't You Come Back Home» og var skriven av Brian Wilson i The Beach Boys. På ei fest med Jan Berry og Dean Torrence, spelte Wilson «Surfin' U.S.A.» for dei på piano. Berry og Torrence føreslo at dei kunne gje ut songen på singel, men Wilson ville ikkje, sidan «Surfin' U.S.A.» var meint for The Beach Boys. Wilson føreslo så at duoen kunne spele inn «Surf City» i staden for og laga ein demo med opninga, verset og refrenget. Wilson hadde mista interessa i songen og trudde ikkje han var i stand til å gjere han ferdig. Berry skreiv seinare songen ferdig,
Hal Blaine, Glen Campbell, Earl Palmer, Bill Pitman, Ray Pohlman og Billy Strange spelte på singelen.
Singelen kom ut i mai 1963 og to månader seinare vart han den første surfesongen som nådde toppen av den nasjonael singelista. Han låg på toppen av Billboard Hot 100 i to veker. Singelen kryssa over til Billboard R&B-lista der han nådde tredjeplassen. Singelen gjekk òg inn på den britiske singellista, der han nådde 26. plassen.UK Official Charts Archive, 21 August 1963 Før denne singelen hadde Jan and Dean hovudsakleg laga musikk som var inspirert av svart vokalmusikk frå Austkysten. Suksessen med «Surf City» gav dei ein unik stil og identitet som gjorde at dei følgde opp med fem singlar til som nådde Topp 10, inspirert av surfe- og hotrod-livet i Los Angeles.
Manageren til The Beach Boys og faren til Wilson, Murry vart rasande då han meinte at Brian hadde kasta bort ein hit som kunne gått til The Beach Boys. Brian sa seinare i Teen Beat at han var stolt over at ei anna gruppe fekk ein stor hit med ein song han hadde skrive.»
Andre versjonar 1963 – The Delltones, singel 1964 - The Rip Chords, Three Window Coupe 1986 – The Meteors, Surf City 1989 – Sonic Surf City, Let's Go Surfin 1993 – Ramones, Acid Eaters 2001 - The Go-Go's, An All-Star Tribute to Brian Wilson (DVD)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Surf City (song)» frå , den 9. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Jan and Dean-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Ramones-songar Kategori:Songar skrivne av Jan Berry Kategori:Songar skrivne av Brian Wilson Kategori:Liberty Records-singlar Kategori:Songar om stader Kategori:California Sound Kategori:The Lively Ones-songar Kategori:The Rip Chords-songar