«Anna (Go to Him)», eller berre «Anna», er ein song skriven og først spelt inn av Arthur Alexander. Versjonen hans kom ut som ein singel på Dot Records den 17. september 1962. Ein versjon vart framført av den engelske rockegruppa The Beatles og inkludert på debutalbumet deira Please Please Me i 1963.
Bakgrunn I følgje Richie Unterberger, skribent for AllMusic:
Kritikar Dave Marsh rangerer Alexander sin «Anna (Go to Him)» som ein av dei 1001 beste singlane gjennom tidene. Han lovpriste den «lett svingande rytmen,» den seige, synkoperte tromminga, og vokalen til Alexander, særleg byrjinga av refrenget, som indikerer at John Lennon kan ha lært seg å syngje balladar som «In My Life» med å lytte til songane til Alexander.
The Beatles-versjonen
Songen var ein av John Lennon sine personlege favorittar, og vart ein del av det tidlege reperatoaret til The Beatles, og spelt inn for debutalbumet deira i 1963, Please Please Me. Det er den førte songen gruppa gav ut som nemner namnet på ei jente. I USA gav Vee Jay Records ut albumet på Introducing... The Beatles (10. januar 1964) og Capitol Records gav han ut på The Early Beatles (22. mars 1965). Vee Jay gav òg ut «Anna (Go to Him)» på EP-en Souvenir of Their Visit: The Beatles i USA
Bandet spelte inn songen den 11. februar 1963 på tre forsøk. Det tredje forsøket vart masteren. Han vart miksa den 25. februar. George Harrison spelte gitarfrasane på innsppelinga. Floyd Cramer spelte desse frasane på piano på originalutgåva til Alexander.
Dei framførte «Anna (Go to Him)» den 17. juni 1963 på BBC-radioshowet Pop Go the Beatles. Programmet vart sendt 25. juni. Dei framført han ein gong til, 1. august 1963 for programmet som vart sendt 27. august.
Medverkande John Lennon – vokal, akustisk rytmegitar Paul McCartney – bass, korvokal George Harrison – sologitar, korvokal Ringo Starr – trommer Lydteknikar var Norman Smith Personell frå MacDonald
Humble Pie-versjonen I 1974 spelte Humble Pie inn songen for albumet Thunderbox, det sjuande studioalbumet deira. Deira versjon er meir i ein rhythm and blues-stil med koristane The Blackberries, Carlena Williams, Venetta Fields og Billie Barnum.
Medverkande Steve Marriott: gitar, vokal Clem Clempson: gitar Greg Ridley: bass Jerry Shirley: trommer The Blackberries med Carlena Williams, Venetta Fields og Billie Barnum: korvokal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anna (Go to Him)» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Beatles Bible: Anna (Go To Him), 11. februar 1963. Humble Pie Thunderbox album : https://www.discogs.com/fr/Humble-Pie-Thunderbox/release/5213692
Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar skrivne av Arthur Alexander Kategori:Arthur Alexander-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Dot Records-singlar Kategori:Songar om kvinner Kategori:Humble Pie-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Roger McGuinn-songar