«I Don't Want to Spoil the Party» er ein song av The Beatles, skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney. Han vart gjeven ut på albumet Beatles for Sale i Storbritannia i 1964. «I Don't Want to Spoil the Party» kom òg ut på EP-en Beatles for Sale (No. 2). I USA gav Capitol ut songen som B-sida til singelen «Eight Days a Week», og seinare på albumet Beatles VI, begge i 1965. Singelen gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista (men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia); «I Don't Want to Spoil the Party» gjekk òg inn på lista og nådde 39. plassen på Billboard Hot 100.
Innspeling The Beatles spelte inn «I Don't Want to Spoil the Party» den 29. september 1964 og brukte 19 forsøk. Det siste forsøket vart gjeve ut. Gitarsoloen til George Harrison vart spelt på den nye Gretsch Tennessean-gitaren hans i same stil som Carl Perkins, der midttonane vart skrudd opp, slik at lyden vart særskild lys. I følgje The Encyclopedia of Country Music er songen eit tidleg døme på countryrock, som The Byrds arbeidde mykje med kort tid seinare.
Det er usemje mellom biografane til Beatles om kven som syng den låge stemma under verset, under solovokalen til Lennon. MacDonald meiner det er Harrison, medan John Winn meiner det er McCartney. I følgje musikkforskaren Walter Everett, er det Lennon sjølv som syng harmonivokalen.
Medverkande I følgje Walter Everett: John Lennon – solo- og harmonivokal, akustisk rytmegitar Paul McCartney – bass, harmonivokal George Harrison – sologitar, korvokal Ringo Starr – trommer, tamburin
Salslister Liste (1964)Plassering
Rosanne Cash-versjonen
Rosanne Cash spelte inn songen for samlealbumet Hits 1979-1989. Versjonen hennar gjekk til topps på Billboard si Hot Country Songs-lista i 1989. Det var den siste førsteplassen til Cash så langt, og den einaste Lennon-McCartney-songen som har toppa countrylista.
Salslister Liste (1989)Plassering
Årslister Liste (1989)Plassering Canada Country Tracks (RPM) 23 US Country Songs (Billboard) 16
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Don't Want to Spoil the Party» frå , den 11. mars 2018.
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Rosanne Cash-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av Rodney Crowell