mini|Strukturen til eit tunicamycin Tunicamycin er ei gruppe nukleosid-analogar og antibiotika danna av ymse artar i bakterieslekta Streptomyces. Tunicamycin hemjar enzym i PNPT-overfamilien. Denne overfamilien inkluderer enzymet MraY som katalyserer danninga av sellevegg i bakteriar, og det integrale membranenzymet GPT i eukaryotar (DPAGT1 i menneske) som katalyserer det fyrste steget i N-lenkja glykosylering av protein. Hemjinga av glykosyleringsenzymet hjå menneske gjer tunicamycin mindre eigna til medisinske føremål og det er ikkje vorte nytta i klinisk samanheng. Derimot er dei mykje nytta som verktøy i forsking.
Kjelder
Kategori:Antibiotika