Solveig Pedersen, fødd Solveig Pettersen, () er ein norsk tidlegare langrennar, fødd i Oslo og oppvaksen der og i Kristiansand. Ho var med dei norske stafettlaga som tok høvesvis bronse i Ski-VM 1991 og sølv under Vinter-OL 1992. Pedersen var medlem i Oddersjaa SSK.

Langrenn Pettersen gjekk seg opp i noregseliten i 1986-sesongen, då ho vann bronsemedaljen både på 5 km og 10 km under noregsmeisterskapen på Vang. Etter nokre år med svakare prestasjonar kom ho tilbake på høgt nivå i 1990. Under ski-NM på Gjøvik sikra ho seg bronsen på 5 km og kneip sølvet på tremila, slått einast av Trude Dybendahl. Året etter vann Solveig Pedersen alle tre sølvmedaljane i NM-renna, som fann stad i Bodø og Misvær, bak Dybendahl på 5 km og 30 km og bak Inger Lise Hegge på 10 km. Under Ski-VM 1991 i Val di Fiemme enda Pedersen på fjerdeplassen i 15 km klassisk stil og ho gjekk startetappen for det norske bronselaget i 4 x 5 km stafett. Tidlegare i 1991-sesongen oppnådde ho sin einaste individuelle pallplass i verdscupen då ho vart nummer tre i ei tevling i Tyskland.

OL-sesongen 1992 enda Pedersen i noregsmeisterskapen som best på ein fjerdeplass. Under vinterleikane i Albertville vart ho nummer 8 på 5-kilometeren og ho gjekk den fyrste ettapen for det norske mannskapet som vann sølv i 4 x 5 km stafett; Inger Helene Nybråten, Trude Dybendahl og Elin Nilsen tok seg av dei seinare etappane for eit lag som enda 21,6 sekundar bakom Russland i mål.

Solveig Pedersen la opp i 1993.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1986: Bronsemedalje både på 5 km og 20 km på Vang Ski-NM 1987: Nr 8 på 15 km i Steinkjer Ski-NM 1988: Nr 7 på 10 km på Vang Ski-NM 1989: Ski-NM 1990: Sølvmedalje på 30 km og bronse 5 km på Gjøvik Ski-NM 1991: Sølvmedalje både på 5 km, 10 km og 30 km Ski-NM 1992: Nr 4 på 5 km i Trondheim Ski-NM 1993: Nr 8 på 15 km på Lillehammer

Friidrett I 2004 deltok Pedersen på 10 000 meter i NM i friidrett i Florø og vart nummer tre, over tre minuttar bak dei andre medaljørane på distansen.

Kjelder skisport365.com

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Kristiansand