Would You Believe? er det fjerde studioalbumet til The Hollies og kom ut i 1966.

Bakgrunn Det inneheld ein versjon av Simon and Garfunkel sin «I Am a Rock» og var eit teikn på at bandet hadde utvikla seg i retning av den gryande folkrock-bølgja. Men Would You Believe inneheld òg coverversjonar av Buddy Holly sin «Take Your Time» og Chuck Berry sin «Sweet Little Sixteen», og i 1966 var coverversjonar av R&B- og bluessongar blitt umoderne.

Eit anna teikn på at bandet var i endring på Would You Believe var Evie Sands-songen «I Can't Let Go», som vart ein stor hit for bandet.

Songane som bandet skreiv sjølv (under pseudonymet «Ransford») vert rekna som dei meir progressive songane på albumet: «Hard Hard Year», «Oriental Sadness», «Fifi the Flea» og «I've Got a Way of my Own». «Fifi» vart spelt inn av The Everly Brothers på albumet Two Yanks in England i 1966 og hadde ein tekst som var uvanleg for bandet. «Oriental Sadness» består av asiatisk-liknande akkordar og «Hard Hard Year» og «I've Got a Way of My Own» (som tidlegare var gjeven ut som B-side til «If I Needed Someone») er begge folk-aktig valsar.

Dette var det siste Hollies-albumet med den originale bassisten Eric Haydock, som tok ein pause etter ein amerikansk turné, og fekk ikkje med seg den neste singelen «Bus Stop», og så anten slutta heilt eller fekk sparken då han møtte opp att.«Sacking Row over Hollie Haydock», New Musical Express, 29. juli 1966.

Både stereo- og monomiksane av Would You Believe? vart digitalt remastera i Abbey Road Studios av Peter Mew i mars 1998. I Storbritannia kom begge utgåvene ut på same CD.

Innhald Alle songane som er krediterte til «Ransford» er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash

Amerikansk utgåve (Beat Group!)

Det tredje albumet til The Hollies i USA kom ut under tittelen Beat Group! ein månad før Would You Believe? kom ut i Storbritannia. I Canada gav Capitol albumet namn etter ein av singlane, «I Can't Let Go»/«Look Through Any Window», og kom ut 6. juni 1966.

På den amerikanske versjonen vart den nye innspelinga «Running Through the Night» (den britiske B-sida til «I Can't Let Go») og «A Taste of Honey» i tillegg til ei innspeling frå 1963, «Mr. Moonlight», med på albumet, mdan coverlåtane «Stewball», «Sweet Little Sixteen» og «I Am a Rock», og den originale «I've Got a Way of My Own» vart fjerna. Den kanadiske versjonen var liknande, utanom at «Stewball» og singelen «Look Through Any Window» (som kom ut på det amerikanske albumet Hear! Here!) òg var med på albumet og «Don't You Even Care» og «Mr. Moonlight» (som hadde vore med på den kanadiske Stay with The Hollies) vart fjerna.

Fleire av songane frå Would You Believe? som ikkje kom med på dette albumet, vart gjevne ut på det neste amerikanske albumet, Bus Stop, som kom ut i 1966. Versjonen av «A Taste of Honey» på dette albumet vart spelt inn for Would You Believe?, men fjerna frå albumet i Storbritannia. Ein ny versjon av denne songen frå 1968 kom ut i platebooksen The Long Road Home.

Innhald på amerikansk utgåve Side 1 «I Can't Let Go» «That's How Strong My Love Is»" «Running Through the Night» (L. Ransford) «Oriental Sadness (She'll Never Trust in Anybody No More)» «A Taste of Honey» (Bobby Scott, Ric Marlow) «Mr. Moonlight» (Roy Lee Johnson)

Side 2 «Don't You Even Care» «Hard, Hard Year» «Take Your Time» «Fifi the Flea» «I Take What I Want»

Innhald på kanadisk utgåve Side 1 «That's How Strong My Love Is»" «Stewball» «Take Your Time» «Running Through the Night» (L. Ransford) «Fifi the Flea» «Look Through Any Window» (Graham Gouldman, Charles Silverman)

Side 2 «A Taste of Honey» (Bobby Scott, Ric Marlow) «Hard, Hard Year» «I Take What I Want» «Oriental Sadness (She'll Never Trust in Anybody No More)» «I Can't Let Go»

Medverkande Allan Clarke – vokal, munnspel Bobby Elliott – trommer Eric Haydock – bassgitar Tony Hicks – sologitar, vokal Graham Nash – rytmegitar, vokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Would You Believe? (The Hollies album)» frå , den 21. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:The Hollies-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios