«King Midas in Reverse» er ein song av den britiske popgruppa The Hollies skriven av Graham Nash, men kreditert til Clarke, Nash og Hicks. Han kom ut på singel i september 1967 i september 1967 i påvente av albumet Butterfly. Songen skilde seg frå dei vanlege Hollies-songane og var sterkt inspirert av Graham Nash si reise til Amerika. Nash ønskte å ta bandet i ei ny retning, noko resten av bandet ikkje likte, og dette førte til slutt til at han slutta i bandet og flytta til USA. Singelen kom ut i Storbritannia på Parlophone (R5637) og i USA på Epic (10234). Songen vart kritikarrost, men selde dårleg for å vere ein Hollies-singel, og dei skreiv dermed den meir kommersielle songen «Jennifer Eccles» for den neste singelen deira.
Salslister Liste (1967)PlasseringAustralia (Go-Set)17Nederland (Den nederlandske singellista)http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Hollies&titel=King+Midas+In+Reverse&cat=s16
Andre songar Nash framførte songen som ein del av solodelen av konsertane sine med Crosby, Stills, Nash & Young, bandet Nash byrja i etter The Hollies. Denne kom ut i 1992 på albumet 4 Way Street. DCL Locomotive, ein avleggar av postpunkbandet The Cravats, gav ut ein versjon av songen 12"-singel i 1984. The Posies spelte inn songen i 1995 for hyllestalbumet Sing Hollies in Reverse.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «King Midas in Reverse» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:The Hollies-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Graham Nash Kategori:Songar skrivne av Allan Clarke Kategori:Songar skrivne av Tony Hicks Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar