Confessions of the Mind er det tiande studioalbumet til The Hollies. Det kom ut i USA som Moving Finger, med eit litt anna innhald der songane «Separated» og «I Wanna Shout» var fjerna og erstatta med Clarke/Sylvester-songen «Marigold: Gloria Swansong» som opphavleg kom ut på det førre albumet deira i Storbritannia (Hollies Sing Hollies) og «Gasoline Alley Bred». I Tyskland vart albumet gjeve ut som The Hollies Move On. Den britiske versjonen av albumet nådde 30. plassen på albumlista. I USA nådde det berre 183. plassen.

Albumtittelen er Confessions of the Mind, medan tittelsporet heiter «Confessions of a Mind».

Innhald

Moving Finger

Moving Finger var det tiande amerikanske albumet til The Hollies, gjeven ut på Epic Records den 21. september 1970. Det kom ut utan to songar frå den britiske utgåva, «Separated» og «I Wanna Shout», og desse vart ertatta av «Marigold: Gloria Swansong» (frå Hollies Sing Hollies) og «Gasoline Alley Bred».

Medverkande Allan Clarke - vokal, gitar Tony Hicks - sologitar, vokal Terry Sylvester - rytmegitar, vokal Bernie Calvert - bass, klaverinstrument Bobby Elliott - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Confessions of the Mind» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:The Hollies-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Epic Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards