Little Games er det fjerde amerikanske albumet til den engelske rockegruppa The Yardbirds. Det vart spelt inn og gjeve ut i 1967, og var det første albumet deira etter dei vart ein kvartett med Jimmy Page som sologitarist og Chris Dreja på bass. Det var det einaste Yardbirds-albumet som vart produsert av Mickie Most.
Sjølv om den nye besetninga vart meir eksperimentell med lengre, improviserte konsertframføringar, henta plateselskapet til Yardbirds inn den suksessrike produsenten Most for å få ut eit meir kommersielt produkt. Men verken materialet som representerte den nye retninga deira eller hitsinglane deira var imøtekomande. Little Games vart det siste Yardbirdsalbumet, sjølv om Most fortsette å produsere singlar for gruppa. Desse vart seinare samla og gjevne ut som eit originalt album med andre opptak og alternative miksar som Little Games Sessions & More i 1992.
Bakgrunn Etter suksessen med dei førre albuma Having a Rave Up with The Yardbirds (1965) og Yardbirds/Over Under Sideways Down (1966), slutta det opphavlege medlemmet og bassisten Paul Samwell-Smith for å satse på ein karriere som produsent. Han vart erstatta på bass av studiogitaristen Jimmy Page, som Yardbirds opphavleg hadde spurt om å erstatte Eric Clapton. Page spelte berre bass ei kort stund og byta etter kvart til sologitar ved sidan av Jeff Beck, medan rytmegitaristen Chris Dreja tok over på bass. I 1966 skapte Beck/Page-besetninga den psykedeliske «Happenings Ten Years Time Ago», «Psycho Daisies» og «Stroll On», ein oppdatert versjon av «The Train Kept A-Rollin'» for Michelangelo Antonioni-filmen Blow-Up. Mot slutten av 1966 fekk Beck sparken etter ein sjukdom som hindra han å spele konsertar på ein turné i USA, og bandet fortsette som ein kvartett med Page som den einaste gitaristen.
Under turneane i 1966 og 1967 vart musikken deira meir eksperimentell med lengre, improviserte sett med lysshow, filmklipp og lydsamplingar. Materialet deira vart meir variert og introduserte songar som «Dazed and Confused», Jimmy Page sitt gitarstykke «White Summer», The Velvet Underground sin «I'm Waiting for the Man», og lange medleyar med omarbeidde versjonar av «I'm a Man» og «Smokestack Lightning».
Trass i denne musikalske endringa, vart Mickie Most, mest kjend for å skape hittar for Herman's Hermits og Donovan, henta inn av EMI som plateprodusent. Most var ikkje oppdatert på den nye musikalske trendane, og sjølv om Page tidlegare hadde arbeidd mykje med Most som studiogitarist, var han visstnok misnøgd med at Most tok over produksjonen.Andre kjelder indikerer at Page tok i mot Most med opne armar.
Innspeling Den første Micke Most-involverte innspelinga fann stad i Olympic Studios i London den 5. mars 1967. Denne innspelinga skapte singlene «Little Games» med B-sida «Puzzles». Sjølv om Dreja og trommeslagaren Jim McCarty var til stades for å spele inn «Little Games», brukte Most studiomusikarane John Paul Jones (bass og celloarrangement) og Dougie Wright (trommer) for å bruke så lita studiotid som mogeleg. Resten av songane for Little Games vart spelte inn i løpet av tre dagar i De Lane Lea Studios i London frå 29. april til 1. mai 1967, igjen med studiomusikarar som Jones (bass på «No Excess Baggage») og Ian Stewart (piano på «Drinking Muddy Water»).
Innspelinga vart gjort så kjapt at gruppa ofte ikkje fekk høyrt gjennom songane då dei var ferdige. Page sa «det var gjort så fandens raskt. Alt vart gjort på eitt forsøk fordi Mickie Most berre var interessert i singlar og meinte det ikkje var verdt å bruke tid på å gjere albumspora skikkeleg». Yardbirds-biografen Gregg Russo skriv at dette førte til at mange av songane høyrest ut som demoinnspelingar.
Innhald
Salslister
Album Liste (1967)Plassering US Billboard 20080
Singlar År Singel Liste Plassering 1967 «Little Games» US Billboard Hot 10051 1967 «Little Games» US Cash Box Top 100 Singles Chart48 1967 «Little Games» US Record World 100 Top Pop Chart44 1967 «Little Games» Australian Go-Set Top 40 Singles Chart27 1967 «Ha Ha Said the Clown» US Billboard Hot 10045 1967 «Ha Ha Said the Clown» US Cash Box Top 10052 1967 «Ha Ha Said the Clown» US Record World 10045 1967 «Ten Little Indians» US Billboard Hot 10096 1967 «Ten Little Indians» US Cash Box Top 10071 1968 «Goodnight Sweet Josephine» US Billboard «Bubbling Under the Hot 100»127
Medverkande The Yardbirds Keith Relf – vokal, munnspel, perkusjon Jimmy Page – gitar Chris Dreja – bassgitar på alle songar, utanom der anna er nemnt, korvokal Jim McCarty – trommer, perkusjon, korvokal Andre medverkande Clem Cattini – trommer på «Ten Little Indians» og «Goodnight Sweet Josephine» Bobby Gregg – trommer på «Little Games» Nicky Hopkins – klaverinstrument på «Goodnight Sweet Josephine» John Paul Jones – bassgitar på «Goodnight Sweet Josephine» og «No Excess Baggage», bass- og celloarrangement på «Little Games», bass og orkesterarrangement på «Ten Little Indians» Chris Karan – tabla på «White Summer» Joe Macho – bass på «Ha Ha Said the Clown» Rick Nielsen – orgel på «Ha Ha Said the Clown» Ian Stewart – piano på «Drinking Muddy Water» (original album) Dougie Wright – trommer på «Little Games» (original album) Unidentified – obo på «White Summer» Mickie Most – produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Little Games» frå , den 31. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:The Yardbirds-album Kategori:Album produserte av Mickie Most Kategori:Epic Records-album