Drapsforsøk, eller mordforsøk, er ei handling som kunne ha medført død hjå eit menneske, men ikkje gjorde det. Eit slikt forsøk på drap er ofte straffbart i seg sjølv, men definisjon og strafferame kan variera mellom ulike jurisdiksjonar.
For at nokon skal dømmast for drapsforsøk, må retten finna det sannsynleg at meininga med handlinga var å drepa. I staden kan ein vedgå eller dømmast for drapstruslar eller lekamsskading.
I Noreg er drapsforsøk straffbart på linje med drap etter Straffeloven § 233, jf. § 49. Kva slags straff ein får, kjem an på korleis freistnaden vert utført, men Høgsterett stadfesta i ein dom frå 2011 ei straff på ni år i fengsel.
Kjelder
Kategori:Strafferett