The Five Faces of Manfred Mann er det første studioalbumet til den britiske beat/R&B-gruppa Manfred Mann. Det vart først gjeve ut i Storbritannia den 11. september 1964 på His Master's Voice. Seint i oktober/tidleg i november kom albumet ut i Canada på Capitol Records. Den kanadiske sporlista var nesten den same som den britiske, men tok med «Do Wah Diddy Diddy» i staden for «I've Got My Mojo Working». Innspelinga har blitt kalla «eit av dei beste bluesbaserte albuma i den britiske invasjonen; det er eit hitt, rockande album med dugande musikarar».

Den amerikanske versjonen av albumet (det andre albumet deira i USA etter The Manfred Mann Album) kom ut i februar 1965 på Ascot Records (ein etikett under United Artists) med eit heilt anna innhald. Denne versjonen er meir pop-prega enn den britiske versjonen av The Manfred Mann Album, med songane «Sha-La-La», «Come Tomorrow», og «Hubble Bubble (Toil and Trouble)»; og songar srivne av frontmannen Paul Jones i tillegg til den tradisjonelle amerikanske folkevisa «John Hardy». Det inneheld òg ein mindre del av R&B- og jazzsongar.

Innhald

På den kanadiske versjonen er «I Got My Mojo Working» byta ut med «Do Wah Diddy Diddy» (Jeff Barry, Ellie Greenwich).

Amerikansk versjon I følgje Sundazed-utgåva:

Medverkande Musikar Manfred Mann – piano, orgel Mike Vickers – gitar, fløyte, saksofon Mike Hugg – trommer, vibrafon Paul Jones – vokal, munnspel, maracas Tom McGuinness – bassgitar

Teknisk John Burgess – plateprodusent Norman Smith – lydteknikar

Salslister The Five Faces of Manfred Mann nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og er den høgaste plasseringa bandet fekk på denne lista. Den amerikanske verjsonen av albumet nådde berre 141. plassen på Billboard 200 og låg fire veker på lista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Five Faces of Manfred Mann» frå , den 2. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1964 Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Manfred Mann-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:United Artists Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios