Dei sentrale myrene eller Qurnamyrene var eit stort område med våtmark i Irak som brukte å vere ein del av Tigris-Eufrat-systemet, i lag med Hawizeh- og Hammarmyrene. Tidlegare dekte dei eit område på kring 3 000 km², men dei vart nesten fullstendig drenerte etter opprøra i Irak i 1991 og har i nyare år blitt fyllt av vatn att.

Dei sentrale myrene strekte seg frå Nasiriyah, Al-'Uzair (Ezra-grava) og Al-Qurnah og vart hovudsakleg fylt av Tigris og sideelevane hennar (Shatt al-Muminah og Majar al-Kabir). Dei vart drenerte av (den dels kunstige) Nahar al-Aaz-kanalen.

Tidleg i 1980-åra var det klart at kunstig vatning hadde påverka vassnivået i myrene.Spencer, M. «The Swamp Arabs Revisited» Saudi Aramco World, April 1982 Tidleg i 1990-åra gjennomførte dei irakiske styresmaktene fleire store dreneringsprosjekt, dels som hemn for hendingane under opprøra i 1991, og for å hindre at området vart nytta som gøymestad for opprørsmilitsen. Tigris vart demd opp slik at vatnet ikkje rann sørover og ut i Nahar al-Aaz-kanalen, og to tredjedelar av Dei sentrale myrene gjekk tapt så tidleg som i 1993.Central Marshes, birdlife.org Ein ny kanal vart bygd for å hidre at vatn frå hovudkanalen til Tigris rann sørover frå Qalat Saleh.The Physical Characteristics of the Mesopotamian Marshlands, edenagain.org Innan 2000 hadde kring 90 % av våtmarksområdet forsvunne.

Etter den amerikanske invasjonen av Irak i 2003 vart oppdemmingane øydelagde og myrene vart igjen fylte med vatn. Sidan den tid har noko av en naturlege myrvegetasjonen og dyrelivet vendt attende, men store delar av myrene er framleis øydelagde.Missan guvernement Assesment Report, UNHCR, 2006, s.44

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Central Marshes» frå , den 22. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Myrområde i Irak Kategori:Eufrat Kategori:Miljøproblem i Irak Kategori:Tigris Kategori:Shatt al-Arab