«Money Talks» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks. Songen er skriven av Ray Davies og kom ut på albumet Preservation Act 2.

Tekst

Teksten til «Money Talks» er ein del av soga i Preservation Act 2. Songen skildrar Flash sin «filosofi» - at ingen er ubestikkeleg og at alle vil gjere alt om dei berre får nok pengar for det.

Utgjeving

«Money Talks» vart gjeven ut på singel i Amerika, Japan og Tyskland, med B-sida «Here Comes Flash» (som kom ut på det førre albumet, Preservation Act 1). Singelen selde dårleg, som mange av singlane til The Kinks på denne tida, og gjekk ikkje inn på lista nokon stad.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Money Talks (The Kinks song)» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar